Sprek på bygdo

Nybyrjar eller erfaren treningsentusiast, treningsstudioet i Strandvikjo har noko for deg.

Allereie medlem:

Enkeltbillett

kr  150
,-
  • Enkel drop-in
  • Ubetent tilgong
  • Ope alle dagar 05 - 23

Årskort

kr  375
,-/mnd
  • Mest for pengane
  • Ubetent tilgong
  • Ope alle dagar 05 - 23

Månadskort

kr  425
,-/mnd
  • Ingen bindingstid
  • Ubetent tilgong
  • Ope alle dagar 05 - 23

Me tilbyr

Lokale

Lyse og trivlege nyoppussa lokalar med nydeleg utsikt ut mot Bjørnafjorden.

Apparat

Ei mengde nye apparat og anna utstyr for garantert svettefest og herleg jarnpumping.

PT-tenester

Me tilbyr rettleiing og tilrettelagt trening med individuell oppfylging av personlege trenarar.

Meir info om dette kjem.

Tilgong

Enkel tilgong med betaling via Vipps og skanning av QR-kode ved inngangdøra.

Ofte stilte spørsmål

Det er dusj og toalett i gjestehamna 50 meter frå inngangen vår. Eigen vilkår kan førekome. Inne i studioet er det eit omkledningsrom.

Mykje plass utanfor, du kan til og med legge til med båt i gjestehamna 50 meter frå studioet.

Me har 2 x power racks, 1 x IPF-godkjent combo rack, lat pull down/low row, functional trainer, adduction/abduction, leg extension/lying leg curl, roman bench, knees raise, hip thrust, leg press, dumbells, kettlebells, 2 x tredemøller, 2 x ergometersyklar, 1 x romaskin, samt ein del anna utstyr for ei herleg treningsøkt.

Aldersgrensa er satt til det året ein fyller 16 år.

Alle dagar heile året frå kl. 05:00 til 23:00.

Me jobbar med å få på plass eit opplegg med gruppetimar.

Etter betaling får du opp ein QR-kode. Denne skannast av ein lesar ved inngangsdøra, og så tastar du inn PIN-koden du la inn ved bestilling.

Det kan ta 1 – 5 minutt etter kjøp, før lesaren ved døra er synkronisert med din tilgong.

QR-koden finn du igjen (så lenge du har eit aktivt medlemskap) om du trykker på App i menyen eller lastar ned appen vår.

Bygdagym AS (org. nr. 932872013) er eit dugnadsdrive treningsstudio stifta i 2024. Det er heileigd av Strandvik Bygdautval (org. nr. 999603009). Selskapet har fått oppstartslån frå Strandvik Bygdautval og Strandvik Idrettslag (org. nr. 992276746), men skal elles vera sjølvfinansiert. Bygdagym vert drifta av styret, sjå her kven som sit i styret.

Kontakt oss

Bygdagym AS
(Org. nr. 932 872 013)

Telefon

97 08 88 48

E-post / SoMe

hei@bygdagym.no

Facebook
Instagram

Opningstider

Alle dagar 05.00 - 23.00

Adresse

Håvikvegen 93, 5643 Strandvik

Trykk for vegbeskriving