Personvern

Kven me er

Bygdagym AS (org. nr. 932872013) er eit dugnadsdrive treningsstudio. Det er heileigd av Strandvik Bygdautval (org. nr. 999603009). Bygdagym vert drifta av styret, sjå her kven som sit i styret og elles oppdatert informasjon om firmaet. Formålet med denne nettstaden er å informere om studioet, samt selje og administrere medlemskap til studioet.


Informasjon me samlar inn og kvifor

Infokapslar

Formål: Me bruker infokapslar for å sjekka om nettlesaren din godtek desse og for å lagra innstillingar og handlekorger.

Varigheit: Infokapslar for innlogging varer i to dagar, medan skjerminstillingskapslar varer i eitt år. Vel du «Hugs meg», varer innlogginga i to veker. Alle innloggingskapslar blir sletta når du loggar ut og lukkar nettlesaren.


Under besøk på vår side

Produktvisningar: Me lagrar informasjon om produkta du har sett for å kunna visa deg desse igjen og forbetra brukaropplevinga.

Plassering og nettlesardata: IP-adresse og nettlesartype blir brukt for å forhindra eventuell svindel og misbruk.


Ved kjøp

Nødvendig informasjon: Me ber om namn, faktureringsadresse, fraktadresse, e-post, telefonnummer og betalingsinformasjon.

Formål: Informasjonen blir brukt til å behandla bestillinga, handtera kundeførespurnader og klagar, førebyggja svindel, og for marknadsføringsformål dersom du har gitt ditt samtykke.


Under besøk i vårt studio

Nødvendig informasjon: Me hentar inn kundeinformasjon og tidspunkt for tilgang til studioet gjennom tilgangssystemet. Samt nyttar kameraovervaking. Bruk av kamera blir indikert av eit skilt ved inngangen til studioet.

Formål: Førebyggja og avdekkja hærverk, uvedkomande tilgong, ulykker og andre uønskte forhold i ubemanna treningsstudio. Generelt å sikra tryggingsnivået.


Juridisk grunnlag

Behandling av personopplysningar: Basert på ditt samtykke, nødvendigheita for å oppfylla ein avtale med deg, og våre legitime interesser i å driva verksemda vår.

Kameraovervaking: Vår rettmessige interesse i å forhindra farlege situasjonar, tjuveri og sikra tryggleiken til våre tilsette, medlemmer og besøkjande (artikkel 6(1)(f) i GDPR).


Tredjepartsdeling

Betalingsbehandling: Betalingar blir akseptert via Vipps. Nødvendige opplysningar blir overførte til Vipps for å behandla transaksjonen, inkludert kjøpesum og betalingsinformasjon. Sjå Vipps Personvernerklæring for meir informasjon.

Låssystem: For administrasjon av medlemskap bruker me låssystemer levert av Suprema, ein tredjepart basert utanfor EØS. Personopplysningar som er nødvendige for drift av låssystemet kan overførast til land utanfor EØS.

Kamerasystem: For overvaking brukar me eit kamerasystem levert av Aqara, ein tredjepart basert utanfor EØS. Personopplysningar som er nødvendige for drift av kamersystemet kan overførast til land utanfor EØS.

Tilgang til data: Teammedlemmar, inkludert administratorar og butikkadministratorar, har tilgang til ordre- og kundeinformasjon for å gjennomføra ordre, behandla refusjonar og gi kundestøtte.


Dataoverføringar internasjonalt

Personopplysningar relatert til vårt låssystem kan bli overført til og behandla i land utanfor EØS. Me tek nødvendige tiltak for å sikra at dataoverføringar oppfyller gjeldande personvernlovgjeving.


Oppbevaring av opplysningar

Me lagrar personopplysningar så lenge det er nødvendig for dei formåla opplysningane er samla inn til. Ordreinformasjon blir lagra i 3 år av rekneskaps- og avgiftsmessige årsaker, noko som inkluderer namn, e-postadresse og dessutan faktura- og leveringsadresse.

Me vil behalda overvakingsopptaka i 7 dagar. Dersom det er sannsynleg at eit opptak vil bli utlevert til politiet, kan det oppbevarast i inntil 30 dagar.


Tryggingstiltak

Me har implementert tekniske og organisatoriske tiltak for å verna personopplysningane dine mot uautorisert tilgang, tap eller øydelegging.


Rettane dine

Du har rett til å be om innsyn, retting, sletting, eller avgrensa behandlinga av personopplysningane dine. Du kan også trekkja tilbake ditt samtykke når som helst. Kontakt oss for å utøva rettane dine.


Kontaktinformasjon

Dersom du har spørsmål om denne personvernerklæringa eller bruk av personopplysningane dine, kan du kontakta oss her.


Endringar i personvernerklæringa

Eventuelle endringar i personvernerklæringa vår vil bli kommunisert gjennom nettsida vår. Det blir tilrådd at du regelmessig besøkjer denne sida for å halda deg oppdatert.