Vilkår, føresetnadar og reglar

Ved å kjøpa tenester hjå Bygdagym AS, aksepterer du følgjande vilkår, føresetnader og reglar; samt personvernerklæringa vår.

 

A. Salsvilkår

1. Avtalen

Avtalen består av desse salsvilkåra, opplysningar gitt i bestillingsløysinga og eventuelt særskilt avtalte vilkår. Ved eventuell motstrid mellom opplysningane, går det som særskilt er avtalt mellom partane framfor, så framt det ikkje strir mot ufråvikeleg lovgiving.

Avtalen vil i tillegg bli utfylt av relevante lovføresegner som regulerer kjøp av varer mellom næringsdrivande og forbrukarar.

 
2. Partane

Seljar er:

Bygdagym AS
Håvikvegen 93
5643 Strandvik

+4797088848
hei@bygdagym.no

Org. nr. 932872013

Og vert heretter omtalt som seljar/seljaren.

Kjøpar er den forbrukaren som gjennomfører bestillinga, og vert heretter omtalt som kjøper/kjøparen.

 
3. Pris

Den oppgitte prisen for tenesta er den totale prisen kjøpar skal betala. Denne prisen inkluderer alle avgifter og tilleggskostnader. Ytterlegare kostnader som seljaren før kjøpet ikkje har informert om, skal kjøpar ikkje bera.

Eventuelle prisendringar krev eit varsel 30 dagar i førevegen via e-post og/eller SMS, og vil berre tre i kraft frå den neste betalingsperioden.

4. Avtaleinngåing

Avtalen er bindande for begge partar når kjøparen har stadfesta ordren i Vipps.

Avtalen er likevel ikkje bindande om det har kome skrive- eller tastefeil i tilbodet frå seljaren i bestillingsløysinga, i nettbutikken eller i bestillinga til kjøparen; og den annan part innsåg eller burde ha innsett at det låg føre ein slik feil.

Seljar har rett til å endra medlemsvilkåra for tenesta så framt det ikkje strir mot ufråvikeleg lovgiving. Dersom endringane er av ei viss betydning for kjøpar, eller til kjøpars ugagn, skal seljar varsla kjøpar før endringane trer i kraft.

5. Betalinga

Seljaren kan krevja betaling for tenesta frå det tidspunktet ordren er stadfesta av kjøparen i Vipps.

Kontoen som er lagt inn på Vipps kan belastast omgåande.

6. Levering

Levering har skjedd når kjøparen har motteke tilgang til tenesta via e-post.

Kjøpar har ansvar for å sjekke at tenesta er levert, og at kjøper har tilgang til denne tenesta.

8. Oppseiing og binding

Informasjon om bindingstida finn ein på produktsida til den aktuelle tenesta. Etter at bindingstida er ferdig, held tenesta fram til kjøpar sjølv seier opp eller endrar tenesta.

Kjøpar kan, etter at den spesifiserte bindingstida for tenesta er utgått, sjølv seia opp tenesta via Mi side. Ei teneste kan seiast opp før den neste betalingsperioden trer i kraft.

Seljar tilbyr ikkje kjøpar å fryse eller setje på pause tenester.

9. Angrerett

Kjøparen kan angra kjøpet av tenesta i samsvar med angrerettloven.

Kjøpar må gi seljar melding om bruk av angreretten innan 14 dagar frå fristen byrjar å gå. I fristen blir alle kalenderdagar inkluderte. Dersom fristen endar på ein laurdag, heilagdag eller høgtidsdag blir fristen forlengd til næraste vyrkedag.

Angrefristen blir rekna overhalde dersom melding er send før utløpet av fristen. Kjøpar har bevisbyrda for at angreretten har vorte gjort gjeldande, og meldinga bør derfor skje skriftleg via e-post.

Angrefristen byrjar å gå dagen etter tenesta er motteken.

Seljaren er forplikta til å betala tilbake kjøpesummen til kjøparen utan unødig opphald, og seinast 14 dagar frå seljaren fekk melding om avgjerda til kjøparen om å nytta angreretten.

10. Forseinking og manglande levering – rettane og fristen til kjøparane for å melda krav

Dersom seljaren ikkje leverer tenesta eller leverer han for seint i samsvar med avtalen mellom partane, og dette ikkje kjem av kjøparen eller forhold på kjøparens side, kan kjøparen i samsvar med reglane i forbrukerkjøpslovens kapittel 5 etter omstenda halda kjøpesummen tilbake, krevja oppfylling, heva avtalen og/eller krevja erstatning frå seljaren.

Ved krav om misligholdsbeføyelser bør meldinga av bevisomsyn vera skriftleg (til dømes e-post).

Oppfylling

Kjøper kan halda fast på kjøpet og krevja oppfylling av tenesta. Kjøpar kan likevel ikkje krevja oppfylling dersom det ligg føre ei hindring som seljaren ikkje kan overvinna, eller dersom oppfylling vil medføra ei så stor ulempe eller kostnad for seljar at det står i vesentleg misforhold til interessa til kjøparen i at seljaren oppfyller. Skulle vanskane falla bort innan rimeleg tid, kan kjøpar likevel krevja oppfylling.

Kjøparen taper retten sin til å krevja oppfylling om han eller ho ventar urimeleg lenge med å fremja kravet.

Heving

Dersom seljaren ikkje leverer tenesta på leveringstidspunktet, skal kjøparen oppmoda seljar til å levera innan ein rimeleg tilleggsfrist for oppfylling. Dersom seljar ikkje leverer tenesta innan tilleggsfristen, kan kjøparen heva kjøpet.

Kjøpar kan likevel heva kjøpet omgåande viss seljar nektar å levera tenesta. Tilsvarande gjeld dersom levering til avtalt tid var avgjerande for inngåinga av avtalen, eller dersom kjøparen har underretta seljar om at leveringstidspunktet er avgjerande.

Blir tenesta levert etter tilleggsfristen forbrukaren har sett eller etter leveringstidspunktet som var avgjerande for inngåinga av avtalen, må krav om heving blir gjord gjeldande innan rimeleg tid etter at kjøparen fekk vita om leveringa.

Erstatning

Kjøparen kan krevja erstatning for lidd tap som følgje av forseinkinga. Dette gjeld likevel ikkje dersom seljaren godtgjer at forseinkinga kjem av hindring utanfor seljars kontroll som ikkje innanfor rimelege grenser kunne vorte teke i betraktning på avtaletida, unngått, eller overvunne følgja av.

11. Mangel ved tenesta – rettane og reklamasjonsfristen til kjøparen

Viss det ligg føre ein mangel ved tenesta må kjøpar innan rimeleg tid etter at det vart oppdaga eller burde ha vorte oppdaga, gi seljar melding om at han eller ho vil visa til mangelen. Kjøpar har alltid reklamert tidsnok dersom det skjer innan 2 mnd. frå mangelen vart oppdaga eller burde vorte oppdaga.

Dersom tenesta har ein mangel og dette ikkje kjem av kjøparen eller forhold på kjøparens side, kan kjøparen i samsvar med reglane i forbrukerkjøpsloven kapittel 6 etter omstenda halda kjøpesummen tilbake, velja mellom retting og omlevering, krevja prisavslag, krevja avtalen heva og/eller krevja erstatning frå seljaren.

Reklamasjon til seljaren bør skje skriftleg.

Retting eller omlevering

Kjøparen kan velja mellom å krevja mangelen retta eller levering av tilsvarande ting. Seljar kan likevel motsetja seg kravet til kjøparen dersom gjennomføringa av kravet er umogleg eller valdar seljaren urimelege kostnader. Retting eller omlevering skal gjennomførast innan rimeleg tid. Seljar har i utgangspunktet ikkje rett til å gjennomføra meir enn to avhjelpsforsøk for same mangel.

Prisavslag

Kjøpar kan krevja eit passande prisavslag dersom tenesta ikkje blir retta eller omlevert. Dette inneber at forholdet mellom nedsett og avtalt pris svarer til forholdet mellom verdien av tingen i mangelfull og kontraktsmessig stand. Dersom særlege grunnar taler for det, kan prisavslaget i staden setjast lik betydninga av mangelen for kjøparen.

Heving

Dersom tenesta ikkje er retta eller omlevert, kan kjøparen også heva kjøpet når mangelen ikkje er uvesentleg.

12. Personopplysningar

Behandlingsansvarleg for innsamla personopplysningar er seljar. Med mindre kjøparen samtykkjer til noko anna, kan seljaren, i tråd med personopplysningslova, berre innhenta og lagra dei personopplysningane som er nødvendig for at seljaren skal kunna gjennomføra forpliktingane etter avtalen. Personopplysningane til kjøparen vil berre bli utleverte til andre viss det er nødvendig for at seljar skal få gjennomført avtalen med kjøparen, eller i lovfesta tilfelle.

Meir kring dette er spesifisert i detalj i seljars personvernerklæring for denne nettbasert utsalsstaden.

13. Konfliktløysing

Klager blir retta til seljar innan rimeleg tid, jf. punkt 9 og 10. Partane skal prøva å løysa eventuelle tvistar på minneleg vis. Dersom dette ikkje lykkast, kan kjøparen ta kontakt med Forbrukertilsynet for mekling. Forbrukertilsynet er tilgjengeleg på telefon 23 400 600 eller www.forbrukertilsynet.no.

EU-kommisjonens nettbaserte klageportal (ODR) kan også brukast viss du ønskjer å inngi ei klage. Det er særleg relevant, viss du er forbrukar busett i eit anna EU-land. Klaga inngis her.

B. Regelverk

Hos Bygdagym ynskjer me eit triveleg treningsmiljø. Derfor viser me respekt for alle som trenar, og bidreg til å gjera det triveleg for alle.

1. Bruk innesko. Utesko skal setjast ved ytterdøra.

2. Opptre høfleg og vis omsyn. Ikkje ver forstyrrande for andre.

3. Ikkje heng på apparata. Vis køkultur og ikkje okkuper apparat over lang tid.

4. Vask, tørk og rydd på plass utstyr. Medlemmar skal fylgje instruksar og retningslinjer.

5. Bruk reint treningstøy. Bruk medbrakt handkle eller vask/tørk av apparat, utstyr og matter.

6. Ikkje ver lettkledd. Ikkje tren i bar overkropp eller sports-BH/magetopp av omsyn til hygiene.

7. Unngå sterk parfymebruk. Mange er sensitive for dette.

8. Ikkje slepp vekter og ustyr i golvet for å unngå støy og slitasje.

9. Gjer deg kjend med sikkerheitsutstyret. Sjekk plassering av hjartestartar, førstehjelpsskrin og rømmingsvegar.

10. Film/foto av andre er ikkje tillate utan samtykke.

11. Tilgong er personleg. Aldri del tilgong med nokon, alle må skanne seg inn ein og ein.

12. Ingen doping. All form for doping er strengt forbode.

C. Føresetnadar

1. Helse og ansvar

Kundar er sjølv ansvarlege for å vera helsemessig skikka til å nytta seg av studioet.

All trening skjer på eige ansvar. Senteret fråskriv seg alle ansvar for tap og skade på person eller gjenstandar som oppstår under opphald i studioet, inkludert tap og skader på personlege klede og eigedelar.

2. Aldersgrense

Aldersgrense for medlemskap er skuleåret ein fyller 16. Ein kan av sikkerheitsmessige grunnar heller ikkje ha born/yngre med inn i studioet, med unntak ved særskilde gruppetimar.

3. Tilgang og overvaking

Studioet er ubemanna og bruker kameraovervaking for å hindra og oppklara hærverk og andre uynskte forhold. Det er ikkje tillate å sleppa inn personar utan medlemskap. Også inngangspartiet er videoovervakt, og alle innlåsingar blir loggført automatisk med namn, klokkeslett og dato.

4. Erstatning

Om eit medlem forårsakar tingskade eller anna formueskade, er vedkomande ansvarleg for å erstatta det økonomiske tap jf. skadeserstatningsloven § 4-1.

5. Utestenging

Ved brot på vilkår, føresetnadar og reglar har Bygdagym rett til å nekte medlem tilgong for ein periode, eller seie opp medlemskapet med umiddelbar verknad, utan refusjon.

Ytterlegare detaljar om personvern er beskrive i personvernerklæringa.